Pausefiskane er svoltne på ny teknologi

Havbruksnæringa må nytta moglegheitane digitalisering gir

Då pausefiskane dukka opp på TV på 60-talet, var det fisk i eit akvarium som spelte hovudrollene. I dag kunne eit undervasskamera i ein fiskemerd gjort same nytta.

Eit kamera i ein fiskemerd er i seg sjølv ikkje så spesielt. Men i dag kunne slik kameraovervaking av fiskemerdar vore sett inn i eit større system, slik at fiskeprodusenten kan ha full kontroll over stadig større delar av verdikjeda gjennom det same grensesnittet.

Effektiv utnytting av det som populært går under nemninga «big data», eller stordata, vil gjere operatørane i stand til å drive smartare og meir lønnsamt. Og det er viktigare enn nokon gong. For det er ikkje berre fisken som skal vekse i merdane. Etterspurnaden etter sjømat veks, bransjen følgjer etter, og det skjer i stor fart.

Ut av denne veksten har òg omgrepet “det blå skiftet” kome. Det har eksistert omtrent like lenge som “det grøne skiftet” men nytta er mikroskopisk i forhold. Fargen refererer til at skiftet føregår i havet, òg det dreier seg kort og godt om auka satsing på produksjon av sjømat.
Det vert sagt at framstillinga av eitt kilo storfekjøt krev rundt ni kilo fôr og 15000 liter vatn, men òg at ein treng berre ein kilo fôr for å framstelle ein kilo fisk. Det høyrest utruleg ut, men uansett veit vi at ein jordklode med miljø og ressursar under press, vil dra fordeler av å dreie matproduksjonen frå åker til sjø.

Havbruk opplever “veksesmerter” som auka utslepp til sjø, meir sjukdom blant fisken og produksjonsprosessar som ikkje er effektive nok. Uansett kva for ei utfordring det er snakk om, teknologien kan handtere heile eller deler av han. For å sikre lønnsam vekst og berekraftig produksjon, òg ikkje minst ivareta tryggleiken til dei som jobbar på stadig større anlegg, må teknologi spele ei hovudrolle.

IFEA/NFA-konferansen «Automatisering i havbruksindustrien 2017» på Hitra 7.-8. juni er ein av møteplassane der teknologifokuset veg tyngst. At både ABB og Siemens er der med kvar sin konsernsjef, i tillegg til at statssekretær Roy Angelvik skal opne det heile, seier litt om interessa rundt temaet.

Anten det er snakk om produksjon og distribusjon av fiskefôr, produksjon av smolt og yngel, slakting eller pakking av fisk, produksjon av olje eller mjøl, så vil både kraftforsyning, automatisering, instrumentering, telekommunikasjon og framdriftssystem vere viktige. Anten vi snakkar om anlegg på land eller i sjø, eller om ulike typar fartøy, systema vil spele ei viktig rolle kvar for seg, men kan òg spele ei endå viktigare rolle i integrerte løysingar som får endå meir ut av delsystema.

I ABB leverer vi dette allereie til olje- og gassindustrien, så vel som skipsindustrien og tradisjonell industri. No kjem òg veg og infrastruktur, og ikkje minst akvakultur for fullt. Behovet for automatisering og meir stabil kraftforsyning aukar. Å ta i bruk ny og riktig teknologi vert ein suksessfaktor for å hevde seg i stadig tøffare konkurranse og møte stadig strengare miljøkrav, samstundes som bransjen er i sterkt vekst.

Uansett kva for ein del av næringa vi snakkar om, er ein svolten på ny teknologi. Havbruksnæringa, saman med andre veksande næringar i Norge, vil kunne nyte godt av mykje av den utviklinga som er skjedd på norsk sokkel gjennom dei siste 40 åra. Her har ABB Norge vore eitt av mange selskap som har drive utviklinga framover. Sjølv har eg lang fartstid innen «olja» og er ikkje overraska over korleis kompetansen og erfaringane frå norsk sokkel lar seg overføre til «fisk». For å få maksimalt ut av kjend teknologi på nye fagfelt trur eg det er en stor fordel å vite kvar man kjem frå.

Potensialet for å tenkje meir heilskapleg når det gjeld den digitale satsinga og automatisering av prosessar finn ein alle stadar. Seinast forrige veka lanserte Statoil, som er ein av ABB sine viktigaste kundar på avanserte styresystem, sin nye IT-strategi, for å løfte digitalsatsinga ytterlegare. Eg er heilt sikker på at potensialet er enno større innan havbruk.

Oljeteknologi kan fint nyttast også innen akvakultur, meiner Frode Gravdal-Olsen i ABB.
Kategorier and Tagger
Om forfatteren

Frode Gravdal-Olsen

Eg er ansvarleg for ABB si satsing innan «Food and beverage» i ABB Norge, altså næringsmidlar. Akvakultur er ein veldig viktig del av dette biletet, og næringa gir mange spennande utfordringar både på eksisterande fabrikkar, og ved stadig aukande behov for ABB sin breie og omfattande produkt og prosjektkompetanse. Eg har tatt fagbrev som elektrikar har vidare utdanna meg på høgskulen i Bergen og blitt automasjonsingeniør. Etter at eg byrja i ABB, sommaren 2005, har eg hatt ei rekke ulike oppgåver innan prosjektgjennomføring, kundeansvar og sal. Erfaringa mi breier over ulike bransjar med leveransar til forsvaret, Olje- og gass-næringa og matvareindustrien i Noreg.
Kommenter denne artikkelen
Community guidelines

Comments are closed.